Ny nettleigemodell frå 1. juli 2022

Publisert av Lysna_Admin

31.05.22, kl 14:38

Slik blir ny nettleigemodell for alle kundar med eit forbruk under 100 000 kWh i året


Olje og energidepartementet har vedteke at alle nettselskap i Noreg skal innføra ny prismodell for nettleiga frå 1. juli 2022.

Eit aukande behov for straum som følgje av elektrifisering av samfunnet førar til auka belastning i straumnettet. Føremålet med ny prismodell er å få ei jamnare belastning i straumnettet fordelt over heile døgnet. Ved å jamne ut forbruket over fleire timar i døgnet, kan du som forbrukar påverke nettleiga.

Å byggja og drifta straumnettet er eit spleiselag for samfunnet. Kostnadane blir dekka av privat- og nærlingslivskundar gjennom nettleiga. For å halda nettleiga lågast mogleg for deg som kunde, er det viktig at vi nyttar det eksisterande nettet så effektivt som mogleg. Å byggja ut nytt straumnett vil vera kostbart og ha konsekvensar for natur og miljø.

Fram mot 2040 er straumforbruket i Noreg venta å auka med 25-45 % som følgje av klimatiltak og industriutbygging, ifølge analyse frå NVE.

Det er myndigheitene (RME) som avgjer kor mykje nettselskapa kan krevja i inn i nettleige.

Behov for meir kapasitet

Straumnettet blir dimensjonert for å levera straum i dei timane i året med høgast straumforbruk. Dei siste åra har forbruk av straum samstundes auka. Denne utviklinga førar til behov for meir kapasitet i straumnettet. Det er difor lurt å flytta noko av forbruket til tider på døgnet med mindre belastning i nettet. Behovet for forsterking og utbygging av straumnett blir då redusert.

Korleis fungerer den nye prismodellen for nettleiga?

Den nye prismodellen vil gjera det meir lønsamt å jamne ut straumforbruket, utan at det skal gå ut over komfort eller sikkerheit.

Tidlegare var det antall kilowattimar som påverka nettleiga di. No får du større moglegheit til å påverka rekninga. Frå 1.juli 2022 vil nettleiga for privat- og mindre næringslivskundar bestå av kapasitetsledd og energiledd.    

Fastledd blir kapasitetsledd
Alle kundar med eit årleg forbruk på under 100 000 kWh får i den nye prismodellen, eit kapasitetsledd. Dette blir berekna etter kor mykje straum kunden brukar samstundes.

Energiledd
Nettleiga vil også ha eit energiledd som før. Men her er det innført ulik pris på dag og natt, der det er lågare pris om natta

Dag: Mellom kl. 06:00 og kl. 22:00
Natt: Mellom kl. 22:00 og kl. 06:00 


Er det trygt å bruka straum om natta?

Det er trygt å bruka straum heile døgnet, men ein bør ikkje nytte vaskemaskin, oppvaskmaskin eller tørketrommel når ein søv eller ikkje er heime. Hugs at feil på elektriske apparat kan oppstå til alle tider på døgnet, det er difor viktig å følgja råd frå brannvesen om røykvarslarar og andre sikkerheitstiltak. Jamnare straumforbruk i seg sjøl, minskar faren for overlast og brann i elektriske anlegg. Les meir på Sikker hverdag


Næringskundar med årsforbruk over 100 000 kWh

Næringskundar med årleg forbruk over 100 000 kWh vil få effektmålt nettleige, uavhengig av størrelsen på hovudsikring i anlegget.