Prisar for nettleige er utarbeidde etter «Forskrift om økonomisk og teknisk rapportering, inntektsramme for nettvirksomheten og overføringstariffer» fastsett av NVE, med heimel i forskrift av 7. desember 1990 nr. 959 § 7-1, gitt i medhald av Energiloven.

Nettselskapet fastset nettleiga på bakgrunn av tillaten inntekt, som årleg vert fastsett av Reguleringsmyndigheten for energi (RME). Både utforming av nettleiga og dei totale nettleigeinntektene til nettselskapet må vere i henhald til gjeldande regelverk.

Nettleiga dekkar transport av krafta frå sentralnettet og regionalnettet som ein kallar overliggjande nett, gjennom lokalnettet i Fusa, og fram til kunden. Kostnaden med overføring i overliggjande nett rår ikkje det lokale nettselskapet med.

Nettleige vert gjerne også kalla nettariffar.