Eltilsyn i bustadar og verksemder - Det Lokale Eltilsyn!

Nettselskap er med heimel i eltilsynslova pålagde å drive tilsyn med elektriske anlegg innan forsyningsområda sine, netteslskapet utfører dette arbeidet etter instruks frå Direktoratet for samfunnsikkerhet og beredskap (DSB). Meininga med tilsyna er å førebyggje brannar og ulukker forårsaka av straum.

Som huseigar er du pliktig til å la eltilsynet få tilgang til det elektriske anlegget i bustaden din. Du betalar ingenting ekstra for dette tilsynet sidan det allereie er betalt som ein del av nettleiga. Under tilsynet blir det sett etter avvik som kan føre til brann, ulukke eller skade på personar. Om vi avdekkjer avvik vil vi sende eit varsel som skildrar kva manglar anlegget har og kva du må gjere for å utbetre dette.

Det formelle namnet på tilsynseininga er Det Lokale Eltilsyn (DLE). Tilsynet er heimla i el-tilsynslova og retningslinjer for arbeidet er gitt av Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB). DLE har styresmakt til å kontrollere og vedta utbetring av eventuelle farlege tilhøve i det elektriske anlegget til kunden.

DLE har mellom anna følgjande arbeidsoppgåver:

  • Utføre tilsyn i private heimar og verksemder
  • Drive aktivt informasjonsarbeid
  • Svare på førespurnader frå publikum, elektrobransjen og andre næringsverksemder om bruk av elektrisitet og elektrisk utstyr
  • Følgje opp meldingar frå publikum om tilhøve som kan vere forskriftsstridige eller bekymringsverdige
  • Bistå politi og brannvesen i etterforsking av brannar
  • Informere om eltryggleik i skuleverket

Du kan gjere mykje sjølv for å sikre at det elektriske anlegget ditt er trygt. På nettsidene til Elsikkerhetsportalen er det samla mykje god informasjon for både private og bedrifter. Sjekk dei ut her:

Bekymringsmelding

Det er mange grunnar til at folk kan vere bekymra for eltryggleiken. Du er kanskje usikker på om elanlegget er i orden eller om det elektriske utstyret ikkje verkar som det skal. Dette kan du gjere noko med.

Eigar og brukar av elanlegg og utstyr er sjølv ansvarlege for at alt er i orden og brukast på ein forsvarleg måte. Dette betyr også å ta faresignal på alvor og syte for nødvendige tiltak slik at det ikkje oppstår farlege situasjonar.

Om du kjenner til tilhøve knytt til elektrisitet som kan føre til fare for deg eller andre, kan du dele bekymringa di med Det Lokale Elektrisitetstilsyn (DLE). Før du sender inn ei eventuell bekymring til DLE, bør du likevel først vurdere om tilhøvet kan løysast på andre måtar.

Er du bekymra for ditt eige elanlegg
Om du har mistanke om at det er feil i elanlegget ditt, pliktar du som eigar å kontakta ei registrert installasjonsverksemd for å få avklart dette og utbetra eventuelle feil. Leigetakarar har også eit ansvar for at elanlegget dei brukar er i orden. Om du som leigetakar oppdagar feil på elanlegget, må du snarast melde frå til eigar om dette. Kven som skal syte for vedlikehald og utbetring av feil bør kome fram av leigekontrakten.

Er du bekymra for andre sine elanlegg
Om du har sett noko som gjer deg uroleg ved elanlegg som ikkje er ditt eige, kan du melde frå om dette til oss på e-post.

Er du bekymra for ulovlege installasjonsarbeidarar?
DLE har som prioritert oppgåve å følgje opp verksemder og personar som ulovleg utfører installasjonsarbeid. Om du har kjennskap til slik aktivitet, kan du sende inn ei bekymringsmelding til oss, gjerne på e-post.