Leveringskvalitet er eit samleord som omfattar leveringstryggleik og spenningskvalitet.


Leveringstryggleik

Leveringstryggleik beskriv tilgangen du som kunde har på elektrisk energi, nettselskapa rapporterer på antal avbrudd og lengda på desse. Du kan finne meir informasjon om dette på NVE, Norges Vassdrags og Elektrisitetsvesen sine nettsider: Leveringspålitelighet NVE

Spenningskvalitet

For at elektrisk energi skal kunna nyttast er ein avhengig av at ein viss kvalitet på spenninga.

Lysna AS skal i hovudsak levere 230 V/400 V, pluss/minus 10 % til kundane sine. I tillegg er det ein del andre parameter som ligg til grunn.

NVE har fastsatt Forskrift om leveringskvalitet i kraftsystemet. Denne forskrifta gjer meir utdjupande informasjon om kvaliteten på spenninga nettselskapet skal levere til kundane.

Har du spørsmål om spenningskvaliteten på ditt anlegg kan du ta kontakt med oss.