Har straumen gått heime hos deg?

Det kan vere fleire grunnar til at straumen er gått hos deg. Gå gjerne gjennom denne sjekklista før du melder om feil:

Er det blitt varsla om planlagd straumstans?

Planlagde straumutkoblingar blir varslet via SMS dersom ditt nummer er registrert, eller ein finn det på våre sider om planlagde straumstans.

Manglar også naboen straum?

Då er det truleg ein feil eller ein planlagd utkopling i straumnettet. Sjekk om du finn informasjon om dette under driftsmeldingar og feil. Dersom det ikkje er registrert noko driftsmelding for ditt område så bør du ta kontakt med oss for å melde feil via vår døgnbemanna vakttelefon.

Er det kun din bolig som manglar straum?

Kontroller at hovudsikringen og eventuelt jordfeilbrytar er intakte og innkopla.

Dersom noko av dette har slått ut er det truleg ein intern feil i ditt elanlegg. Du bør då kontakte autorisert elektroentreprenør som kan gje vidare rådgivning. Du kan sjå etter godkjente elektroentreprenører i Elvirksomhetsregisteret.