AMS-målarane har innebygd funksjonalitet som gjer det mogleg å enkelt slå av og på straumen til anlegget ditt – til dømes på hytta – når det ikkje er i bruk.
Tidlegare har mange vore vane med å slå av hovudbrytaren når anlegget ikkje er i bruk. No tilrår vi i staden at du brukar den interne brytaren i målaren. Dette sikrar at vi får korrekte måledata, og du unngår å bli fakturert for stipulert forbruk. Slik blir du alltid avrekna for rett mengd straum, til rett tid og rett pris.
Slik koplar du frå straumen:
- Under skjermen på straummålaren er det to grønne knappar. Trykk på den knappen til venstre til du får opp teksten "DCON" til høgre på skjermen.
- Hold deretter inne den samme knappen til du høyrer eit klikk/smell.
- Straumen koples då fra, og målaren blinker rødt.
Slik koplar du til straumen igjen:
-
Displayet vil i løpet av nokre minutt hoppa tilbake til opphaveleg bilete.
Då kan du igjen trykke på den venstre knappen til "DCON" kjem opp på skjermen.
Hold inne knappen til du høyrer samme klikk/smell.
Straumen koples då tilbake.
