Om du skal byggje nytt hus, hytte eller næringsbygg er det viktig å planleggje tilførsel av straum på eit tidleg tidspunkt. For å få rett dimensjon på inntakskablar, trekkjerøyr og jording er det viktig å ta kontakt med både nettselskap og elektroinstallatør tidleg i planleggingsfasen. Grøfter for inntakskabel og jording er noko av det første ein må tenkje på.

I bustad- og fritidsbygg skal det nyttast felles utvendig tilknytingsskåp for straum og fiber. Det er her målaren skal monterast. Det er naturleg at ein brukar entreprenøren som er på staden til etablering av kabelgrøft fram til tilknytingsskåpet. Nettselskapet leverer inntakskabel og koplar til denne. Det varierer om det er entreprenør eller nettselskap som legg sjølve kabelen. Har du behov for byggjestraum i anleggsperioden? Då kan du bestille det her:

Ønskjer du å knyte deg til straumnettet eller har behov for meir kapasitet, er framgangsmåten slik:

  • Ta kontakt med oss slik at vi kan avklare om det er straumnett og ledig kapasitet i det området du skal byggje. Du kan bruke skjema for søknad om nettilknytning lengre nede på sida.
  • Det kan også vere smart å avklare tilkopling med andre instansar som VA og Telekom som ofte skal ned i felles grøft.
  • Kostnaden med nødvendig etablering eller forsterking av straumnettet må dekkjast av kunde. Denne kostnaden blir rekna ut etter gjeldande reglar for anleggsbidrag. Nettselskapet vil sende ut kalkyle i forkant av tilkopling.
  • Du må kontakte ein godkjend elektroinstallatør for å utføre den elektriske installasjonen. Installatøren skal sende førehandsmelding til oss før arbeidet startar. Denne meldinga skal innehalde dei viktigaste detaljane om deg som kunde og nødvendige data om den elektriske installasjonen, som er nødvendige for å behandle søknaden.
  • Om vi ikkje allereie har motteke søknad om nett-tilknyting frå kunde, vil vi ta kontakt med kunde og sende kalkyle i forkant av tilkopling.
  • Etter å ha motteke søknad om tilknyting, vil kostnaden (anleggsbidrag) bli kalkulert og sendt til deg som kunde.
  • Det er viktig at vi får returnert signert avtale og aksept av kalkulert kostnad før vi startar på arbeidet med tilkoplinga.
  • Når installasjonsarbeidet er ferdig og klart for tilknytning, sender installatøren ei ferdigmelding til oss.
  • Vi monterer målar, koplar til anlegget og sender faktura på tilknyting.
  • Du er no tilkopla nettet via nettselskapet, men du må i tillegg velje straumleverandør. Om ein ikkje vel straumleverandør vil ein automatisk få ein pliktleveransekontrakt med nettselskapet. Desse avtalane er normalt kostbare, og ein bør derfor velje straumleverandør med det same. For meir informasjon sjå Forbrukerrådets straumprisportal