HAN-port


Alle nye AMS-målarar kjem med ein HAN-port. HAN står for “Home Area Network” og er ein eigen fysisk utgang som er på AMS-straummålaren din. Om du ønskjer kan du kople utstyr til denne porten som kan gi deg tilgang til forbruksdata og meir detaljert informasjon om straumforbruk

Du kan få detaljert informasjon om:

  • strømforbruk i øyeblikket (effektuttak)
  • strømforbruk siste time
  • spenningsnivå
  • overskuddskraft (fra f. eks. solcelleanlegg) som mates inn i nettet (plusskunder)

Informasjonen vil oppdaterast minst kvart tiande sekund.

alt=“Kamstrupmålar"

Straummålaren er i utgangpunktet montert utan sjølve HAN-modulen. Mange straummålarar står gjerne i eit sikringsskåp som er i ein trappeoppgang, eit teknisk rom eller andre område der andre personar kan ferdast. Lysna har difor valt å halde HAN-porten stengt slik at ingen uvedkomande får tilgang til informasjon om straumforbruket ditt.

Opning av HAN-port:

Om du ynskjer å ta i bruk HAN-porten kan du bestille dette gratis ved å ta kontakt med oss i Lysna. Du vil då få tilsendt HAN-modulen, dersom du ikkje har fått denne tidlegare. For å kunne ta i bruk denne funksjonen må du ha AMS-målar. Om du ikkje har denne nye type målar byttar me denne for deg.

Når du har bestilt opning av HAN-porten overtek du sjølv ansvaret for at ingen uvedkomande skal få informasjon om straumforbruket ditt via HAN-porten, så om straummålaren står ein plass der andre ferdast rår vi til at du sikrar skåpet med lås.