Lysna AS er det nye nettselskapet til Fusa Kraftlag SA.

Lysna sitt nettområde finn du i gamle Fusa kommune, frå Holmefjord i nord til Lukksund i sør. Lysna AS eig, driftar og vedlikeheld straumnettet. Kontoret vårt ligg i Eikelandsosen.

Straumnettet omfattar både høgspentlinjer som overfører straumen, og lågspenningsnett som fordelar straumen til kvar kunde.

Fusa Kraftlag SA vart etablert i 1946 og har sidan den gang sørga for distribusjon av straum til private og verksemder i Fusabygdene.