alt=“høgspentmaster mellom fjord og fjell"
Foto: Fredrik

Nettleige

Når du brukar straum må du betale for to produkt. Du betaler ein kraftpris for straumen du kjøper frå kraftleverandøren du har valt, og i tillegg betaler du nettleige til det lokale nettselskapet for transport av denne straumen.

Nettleiga skal gi nettselskapet inntekter til dekking av kostnadene ved transport av straum, gitt effektiv drift, utnytting og utvikling av nettet. Det er nettselskapet sjølv som fastset nettleiga, men NVE (Norges vassdrags- og energidirektorat) kontrollerer at inntekta nettselskapet hentar inn gjennom nettleiga ikkje er høgare enn det nettselskapet totalt har lov til å ta seg betalt frå kundane sine. (Kjelde: NVE)

Leveringsplikt
Om du ikkje har inngått avtale med ein kraftleverandør vil du bli sett på ein leveringspliktig straumavtale hos nettselskapet ditt. Nettselskapet er pliktig til å selje deg straum fram til du har valt deg ein kraftleverandør, og dette kallast for leveringsplikt eller ventetariff.

Denne ordninga er meint for å vere ei mellombels løysing, så prisen på leveringspliktig straum frå nettselskapet er høgare enn det som ein kraftleverandør vil kunne tilby deg:

Dei første 6 vekene er prisen for leveringspliktig straum spotpris samt eit påslag på 6,25 øre/kWh. (5 øre/kWh eks. mva.)

Etter 6 veker er nettselskapet pålagt å auke påslaget ytterlegare for å oppfordre kundane til å velje seg ein eigen kraftleverandør. Difor vil det vere lønsamt for deg å opprette ein ny straumavtale hos ein kraftleverandør så snart som mogleg.

Om du ønskjer meir informasjon om kva kraftleverandørar du kan velje kan du trykke her. (Link til Om straummarknaden > Skifte kraftleverandør)