Dersom det skal utførast arbeid i nærhet av linjer, kablar eller andre nettanlegg må du ta kontakt med oss før arbeidet startar. For å sikra at arbeidet kan gjennomførast på ein trygg måte skal vi i fellesskap gjere ei risikovurdering og opprette gjensidig avtale.

NB! Dersom det er hasteoppdrag, ta direkte kontakt med døgnvakt!

Arbeid nær luftlinjer
Om det skal utførast arbeid med anleggsmaskiner nærmare høgspentlinjer enn 30 meter, skal netteigar varslast. Dette gjeld arbeid med gravemaskin, kranar, betongpumpebil, boreriggar, skogsmaskiner og alt anna utstyr med stor rekkjevidde. Dette gjeld også for trefelling nær høgspentlinjer.

Kontakt oss
eller send inn skjema for arbeid nær nettanlegg i god tid, helst minst tre dagar før arbeidet skal skje.

Arbeid nær ved kablar, kraftlinjer og tilhøyrande anlegg kan være livsfarleg dersom ein kjem i berøring eller for nære. Dette gjeld både for høg- og lågspentanlegg!

Skade på straumkablar og -linjer kan få store konsekvensar. Menneske, dyr og utstyr kan kome til skade, og verksemder og privatpersonar kan bli påført økonomisk tap og praktiske vanskar.

Når nettselskapet blir varsla om eit arbeid, vil vi gjere ei vurdering i samarbeid med utførande entreprenør. Nettselskapet vil identifisere farar, fastsetje tryggjingstiltak og orientere om kva prosedyrar som må følgjast. Nettselskapet tek ikkje betalt for desse tenestene.

Om nettselskapet ikkje er varsla om arbeidet, vil utførande bli erstatningspliktig for skadar påførte dei elektriske anlegga og kostnader relaterte til manglande levering av kraft (avbrotskostnader). Om det er grunnlag for å meine at ein skade har skjedd på bakgrunn av ei uaktsam handling under utføring av eit arbeid, vil dette og vere grunnlag for å krevje utgifter dekte.

Arbeid nær kabelanlegg (graving)
Før ein startar på eit gravearbeid må nettselskapet varslast for påvising av spenningsførande kablar. I slike tilfelle er det normalt å varsle i god tid før oppstart av gravearbeidet (normalt 10 dagar).

Kontakt oss eller send inn skjema for arbeid nær nettanlegg i god tid før arbeidet skal skje slik at me kan avtale synfaring og kabelpåvisning.

Så snart nettselskapet er gjort kjent med eit komande gravearbeid, vil vi undersøkje om det er kablar i nærleiken av området det skal gravast i. Om det er kablar i nærleiken vil nettselskapet identifisere farar, fastsetje kva tryggingstiltak som må setjast i verk, og orientere om kva prosedyrar som må følgjast om eit uhell skulle skje. Nettselskapet dekkjer kostnadene med identifisering av våre kablar i bakken.

Om nettselskapet ikkje er varsla om arbeidet, vil utførande bli erstatningspliktig for skadar påførte dei elektriske anlegga og kostnader relaterte til manglande levering av kraft (avbrotskostnader). Om det er grunnlag for å meine at ein skade har skjedd på bakgrunn av ei uaktsam handling under utføring av eit arbeid, vil dette også vere grunnlag for å krevje utgiftene dekte.

For å sikre at også andre leidningsetatar som VA, telecom osv blir varsla rår vi også til at ein brukar gravemeldingstenesta til Geomatikk, Ledningsportalen.no.