Stenging av straum for privatkundar
Nettselskapas rett til å stenge straumen er lovregulert i Justisdepartementets forbrukarkjøpslov. Nettselskapet kan stenge privatkundars anlegg dersom kunden ikkje betaler skyldig nettleige innan gitt betalingsfrist. Anlegget ditt vil ikkje bli stengt dersom du betaler innan fire veker rekna frå den dato stengevarselet blei sendt.
Ved ekstrem kulde eller faresituasjonar
Stenging av straum kan berre gjerast ved vesentleg betalingsmisleghald, men kan ikkje skje dersom det er fare for liv, helse eller betydeleg tingskade, eller dersom du har grunnlag for innvendingar mot grunnlaget for stenginga.
Prisar for stenging og gjennopning
I samband med stenging og opning av eit anlegg vil det kome kostnadar.
Stenging og gjennopning | kr (inkl. mva) | kr (ekskl. mva) |
Pris | 2500 | 2000 |
Betalingsproblem
Privatpersonar med betalingsproblem kan etter Lov om sosiale tenester i arbeids- og velferdsforvaltninga, kapittel 4, ha rett til økonomisk støtte. Ta kontakt med ditt lokale NAV-kontor viss du lurer på noko rundt dette.
Stenging av straum hos næringskundar
For næringskundar gjeld ikkje forbrukarkjøpslova, men "Standard nettleigevilkår for næringskundar". Stenging vil difor vere aktuelt to veker etter at stengevarsel er sendt ut.