Bestill privat veglys

Om du ynskjer meir lys i ditt nærområde kan ein bestille privat veglys.

Kostnad ved drift av veglys

Nettariff inkl. offentlege avgifter

Fastledd kr/kW/årEnergiledd/øre/kWh
Veglys utan målar (jan.-mars)1500,-48,1
Veglys utan målar (april-des.) 1500,-56,8
Veglys med målar Tariff for private kundarTariff for private kundar


  • Veglys utan fotocelle vert det rekna ei brukstid på 8760 timar/år.
  • For veglys med fotocelle vert det rekna ei brukstid på 4000 timar/år.

Nettleige består av fastledd og energiledd. Pris for veglys utan målar blir berekna slik:

  • Fastleddet er på 1500 kr per år per kW (1000 W). Eksempelvis 36W er det same som 0,036 kW. Det blir difor 0,036*1500 = 54 kr. per år.
  • Energileddet har ulik pris frå januar-mars (53,1 øre/kWh) og frå april-desember (61,8 øre/kWh). Ein reknar med at ¼ av timane blir brukt januar-mars, og dei resterande timane resten av året. 

Merk at dette er prisar for nettleige, og straum kjem i tillegg.


Kostnad ved skifte av lyskilde/fotocelle

Kostnad ved skifte av lyskilde eller fotocelle vil variere etter kva type lyskilde det gjeld. Lyskilder av typen HQL (125W) er gått ut av produksjon, og blir erstatta med nytt LED-armatur. Dei nye LED-armatura har fem års garanti. 

Ta kontakt med oss for meir informasjon om pris. 

Kostnaden med arbeid vil væra lik uavhengig av kvar ein bur i gamle Fusa kommune. Forutsetninga for denne prisutjevninga er at arbeidet kan utførast når me er i området.