Ei viktig oppgåve for nettselskapa er skoging og rydding av linjetrasear. Forskrifta krev dette ut frå omsynet til sikker straumlevering og persontryggleik. Skoging langs linjetraseane skjer heile året i trasèane for både høgspent- og lågspentlinjer.

Behov for linjerydding? Meld frå til oss

Om du sjølv ønskjer å felle tre som står nær ei kraftlinje, må du kontakte oss for å få råd eller hjelp til felling. Ta alltid kontakt med oss om du skal felle tre nær høgspentlinjer. Tre som er i kontakt med høgspentlinjer utgjer livsfare for personell og dyr i nærleiken og må aldri berørast!



Etter retningslinjene våre kvistar me trea og legg igjen treverket i traseen. Hogstavfall blir liggjande igjen i utmarksområde, medan det normalt blir fjerna i innmarksområde og i private hagar.

Grunneigarar skal informerast i god tid før skogrydding startar.