Bli lærling hos oss
Me i Lysna er alltid på jakt etter nye, flinke medarbeidarar. Me er stolte over å vere godkjent lærebedrift og har lange tradisjonar for å ha lærling i energimontørfaget.
Som lærling i energimontørfaget får du ein variert og kjekk kvardag. Ein dag jobber du med kabler i ei grøft, den neste står du i toppen av masta. Arbeidet foregår i hovedsak ute, ved fjord og i fjell, langs vei og gater.
Hos oss kan du forvente eit godt arbeids- og læringsmiljø, i tillegg til god og tett oppføylging fram mot fagprøven. Me heiar på deg!
Læretida i faget er 2,5 år og me tek vanlegvis inn ein ny lærling annakvart år, så me til kvar tid har minst ein lærling. Me oppmodar likevel til å sende inn søknad gjennom heile året. Har du spørsmål eller ønskjer å sende inn ein søknad? Send gjerne ein e-post til post@lysna.no, så tek me kontakt med deg.