Prisar gjeldande frå 1. januar 2026
Lysna sine prisar er uendra frå 01.02.2024. Satsar for offentlige avgifter er oppdatert frå 01.01.2026.
Nettleiga for privatkundar bestå av to delar:
Kapasitetsleddet er eit beløp pr. mnd etter kor mykje straum du brukar samtidig.
Bereknast i trinn med utgangspunkt i gjennomsnitt av dei tre timane med høgast forbruk frå tre ulike døgn kvar månad.
Dersom du jamnar ut straumforbruket over døgnet, får du eit lågare kapasitetsledd enn om du brukar mykje straum samtidig. Det vil ikkje løna seg å vaska klede, koka middag og lade elbil samtidig. Elbilen kan du med fordel lade om natta.
| Kapasitetledd | kW | Kr/mnd | Kr/år |
Trinn 1 | 0-2 | 310 | 3720 |
Trinn 2 | 2-5 | 395 | 4740 |
Trinn 3 | 5-10 | 477 | 5724 |
Trinn 4 | 10-15 | 580 | 6960 |
Trinn 5 | 15-20 | 685 | 8220 |
Trinn 6 | 20-25 | 785 | 9420 |
90% av kundar vil ikkje vere over trinn 3.
Energileddet blir bestemt av kor mykje straum du brukar totalt (antall kilowattimar), og når du brukar straumen. Du betalar mindre per kilowattime om natta enn om dagen.
| Energiledd | Dag (kl. 06-22) | Natt |
| Januar - desember | 50,2 øre/kWh | 40,2 øre/kWh |
Prisane ovanfor inkluderar følgjande avgifter:
- Forbruksavgift på elektrisk kraft: 7,13 øre/kWh
- Avgift Enova: 1 øre/kWh
- Mva: 25%
Marginaltap Plusskunde
Plusskundar får betalt for den delen av produksjonen som blir levert inn til nettet. Lysna AS betalar 5% av spotprisen til plusskundar pr kWh levert inn til nettet, dette som kompensasjon for redusert tap i nettet.