
Lysna har no teke i bruk Tilko – ei ny, nasjonal teneste for handtering av større tilknytingssaker (over 1 megawatt). Tilko er utvikla i samarbeid med nettselskap over heile landet og regulerande styresmakter, og vil vere ei felles teneste for å standardisera tilknytingsprosessen til straumnettet.
Kva er Tilko?
Tilko er ei digital teneste utvikla av Elbits som samordnar informasjon om større tilknytingssaker på tvers av nettnivå, frå distribusjonsnett til transmisjonsnett. Løysinga vil òg gje kundar innsyn i si sak og moglegheit til å følgja ho fortløpande. Løysinga legg til rette for betre oversikt, samordning og beslutningsgrunnlag for nettselskap, styresmakter og andre aktørar i kraftbransjen.
Kva betyr dette for oss som nettselskap?
Med Tilko får me:
• Enklare oppfølging av deg som kunde
• Saumløs samordning mellom Statnett og andre nettselskap
• Betre datagrunnlag for nettplanlegging og kapasitetsvurderingar
• Tydlegare oversikt over etterspurnad og framdrift i tilknytingssaker
• Betre støtte for å følgja opp regelverkskrav og styresmakpålagde modenheitsvurderingar
For våre tilsette som arbeider direkte med tilknytingssaker, betyr Tilko ein meir strukturert arbeidsflyt, redusert behov for manuelle prosessar og betre dokumentasjon gjennom heile saka.
Kva betyr det for kundar og samarbeidspartnarar?
For kundar og andre aktørar inneber overgangen til Tilko at større tilknytingssaker no blir handsama i ei felles nasjonal løysing, noko som gjev betre oversikt, meir føreseieleg sakshandsaming og moglegheit til å følgja status gjennom heile prosessen.
Vil du veta meir?
Har du spørsmål om Tilko eller ønskjer meir informasjon, ta kontakt med oss i Lysna.