Kontoret vårt er stengt

Publisert av Lysna_Admin

22.03.23, kl 12:12

Frå 24. mars vil kontoret vårt dessverre vera stengt. Kontorlokala våre på Stallabrotet 119 skal pussast opp, og medan dette pågår vil det ikkje vere mogleg å besøkja oss. Du når oss likevel på telefon kvar vekedag mellom klokka 08-15. Du kan også senda oss mail eller ein melding på messenger. Me svarar deg så fort som mogleg.

Me ser fram til å koma tilbake til kontora våre på Stallabrotet og igjen ta i mot våre kundar som vel å komma innom oss. I mellomtid snakkast me over telefon eller digitalt.