Kompensasjonsordning for høge straumprisar

Publisert av Lysna_Admin

07.03.22, kl 09:03

Støtteordninga inneber at kunden får tilbakebetalt eit beløp per kWh som tek utgangspunkt i gjennomsnittsprisen per månad på den nordiske kraftbørsen (NordPool). Dersom gjennomsnittsprisen på kraftbørsen overstig 70 øre per kWh, vil kunden få tilbakebetalt ein andel av differansen mellom gjennomsnittsprisen på kraftbørsen og 70 øre per kWh.

Denne andelen er 55 % for desember, og 80 % for januar, februar og mars. Det tilbakebetalte beløpet er knytt til straumforbruket ditt, og vil væra det same uavhengig av kva straumavtale du har.

Støttesatsar for NO2

MånedGjennomsnittsprisStøttesats
Desember177,08 øre/kWh73,62 øre/kWh
Januar140,63 øre/kWh70,63 øre/kWh
Februar120,54 øre/kWh50,54 øre/kWh

Jordbruk og veksthusnæring vil få støtte, men dette administrerast via Landbruksdirektoratet. Les meir her.
Lag og foreiningar
vil få støtte, dette skal administrerast via kommunen.

Hytte eller fritidsboligar er ikkje under kompensasjonsordninga, og kundar vil ikkje motta kompensasjon for straumforbruket på den adressa.