Informasjon om straumstøtte for fritidsboligar

Publisert av Lysna_Admin

03.11.22, kl 15:41

Straumstøtta frå staten gjeld hushaldningar og ikkje hytter/fritidsbustader. Det har vore litt uklart kva som blir definert som hytte/fritidsbustad, og om dei som bur på hytta kan få straumstøtte. RME har derfor lagt ut ei presisering på sine heimesider som skal gjelde for kompensasjon i oktober og framover.

Er bustaden oppført som hytte/fritidsbustad i matrikkelen, får ein ikkje straumstøtte utan at ein har søkt kommunen om bruksendring og fått innvilga dette. Dokumentasjon skal sendast til nettselskapet.

Du kan sjekke kva bustaden din er registrert som på nettsida www.seeiendom.no. Eksempelvis er bygningstype som startar med 16-. 17-, og 182 definert som fritidsbustad.

Dersom du feilaktig mottar straumstøtte, er det viktig at du får ordna opp i dette med ditt nettselskap slik at du ikkje må betale støtta tilbake. Les meir om dette her:

https://www.nve.no/reguleringsmyndigheten/nytt-fra-rme/nyheter-reguleringsmyndigheten-for-energi/krever-bruksendring-for-aa-faa-stroemstoette-til-forbruk-i-fritidsboliger/