Reduksjon i forbruksavgifta

Publisert av Lysna_Admin

17.09.25, kl 12:50

Forbruksavgifta på straum blir redusert frå 1. oktober
Frå 1. oktober 2025 blir forbruksavgifta (elavgifta) på straum redusert med 4,4 øre per kilowattime. Når me reknar med meirverdiavgift, blir dette ein reduksjon på 5,5 øre per kWh. Avgifta blir betalt over nettleiga, og kuttet vil gi lågare straumkostnader for både hushaldningar og næringsliv. Reduksjonen gjeld ikkje for bedrifter med allereie redusert nettleige.

For ein vanleg hushaldning med eit årleg forbruk på 15 000 kWh tilsvara dette ei innsparing på om lag 825 kroner i året (inkludert mva). Kor mykje du faktisk sparer, vil avhenge av ditt straumforbruk.

Kva er forbruksavgift (elavgift)?
Forbruksavgifta, også kalla elavgifta, er ei særavgift som blir lagt på alt forbruk av elektrisk kraft. Avgifta fungerer på same måte som meirverdiavgifta, som indirekte skatt, og blir rekna ut etter kor mange kilowattimar (kWh) straum du brukar.

Satsen er lågare i perioden januar til mars, og høgare resten av året. Avgifta har to hovudføremål: å skaffe inntekter til staten og å bidra til å begrensa straumforbruket.

Kva betyr dette for deg?

Redusert avgift frå 1. oktober gir deg som kunde lågare nettleige. Reduksjonen gir større gevinst for dei med høgt forbruk, men den mest effektive måten å halde straumutgiftene låge på, er framleis å redusera forbruket.

Endringa er eitt av fleire tiltak frå regjeringa som skal bidra til at straumrekninga blir lågare.