Velkomen til Lysna!

Lysna AS er nettselskapet for deg som held til i gamle Fusa kommune, frå Holmefjord i nord til Lukksund i sør.

Lysna AS eig, driftar og vedlikeheld straumnettet. Det omfattar både høgspentlinjer som overfører straumen, og lågspenningsnett som fordelar straumen til kvar kunde.

Det er Fusa Kraftlag som eig Lysna AS, og har sidan 1946 sørga for distribusjon av straum til private og verksemder i Fusabygdene.

Norgespris - kva betyr det for deg?

Noregspris er ei valfri statleg støtteordning som gjer deg ein straumpris på 50 øre/kWh. Ordninga startar 1.oktober 2025, og du bestiller via Elhub når det er klart.

Ta i bruk vår KI-chatbot, Netti

Netti finn du nede i venstre hjørne på heimesida vår og kan svare på det meste, samt finne fram det du leita etter.

Mi side

Som nettkunde hos oss gjer vi deg full oversikt over alt du treng å veta om ditt forbruk og dine betalingar. På mi side har du tilgang til:

Originale fakturaer frå Lysna

Ferske målverdiar

Informasjon om målepunktet ditt

Ønskjer du privat veglys?

Ønskjer du å lysna opp området rundt heimen din? Då kan privat veglys vera løysinga for deg. Med privat veglys kan du skapa ein tryggare og meir triveleg atmosfære rundt heimen din, samtidig som du bidreg til å gjera nabolaget ditt meir opplyst og sikkert for alle.

Nyheiter frå Lysna

Ofte stilte spørsmål

Kvifor betaler eg nettleige?

Fordi du er knytta til kraftnettet, og tek ut kraft. Nettleiga dekker kostnaden vi har for å overføra kraften til deg som kunde.

Kvifor er fastbeløpet så høgt?

Fastbeløpet skal dekke våre faste kostnader, dvs kostnader som påløper uavhengig av om det tas ut kraft eller ikkje. Med mange kilometer med linjer vil det være kostnader med vedlikehald og oppgraderingar. 

Nettleiga er høgare enn kraftprisen, det må vera noko galt?

Nettleige og kraftpris fastsettes stort sett uavhengig av kvarandre, dvs våre tapskostnader påvirkes av kraftprisen, og på den måten påvirkes nettleiga til en viss grad. Ramma for nettleige fastsettes av NVE, medan kraftpris er markedsbasert, kor tilbud og etterspørsel er avgjørande. Dette skulle bety at nettleige varierer i liten grad, medan kraftprisen som kjent kan variere med fleire hundre prosent. Av den grunn vil kraftprisen variere så mykje at den både er lågare og høgere enn nettleiga.