Prisar gjeldande frå 1. januar 2023
Nettleiga for privatkundar bestå av to delar:
Kapasitetsleddet eit beløp pr. mnd etter kor mykje straum du brukar samtidig.
Bereknast i trinn med utgangspunkt i gjennomsnitt av dei tre timane med høgast forbruk frå tre ulike døgn kvar månad.
Dersom du jamnar ut straumforbruket over døgnet, får du eit lågare kapasitetsledd enn om du brukar mykje straum samtidig. Det vil ikkje løna seg å vaska klede, koka middag og lade elbil samtidig. Elbilen kan du med fordel lade om natta.
Kapasitetledd | kW | Kr/mnd | Kr/år |
Trinn 1 | 0-2 | 312,5 | 3750 |
Trinn 2 | 2-5 | 375 | 4500 |
Trinn 3 | 5-10 | 437,5 | 5250 |
Trinn 4 | 10-15 | 500 | 6000 |
Trinn 5 | 15-20 | 562,5 | 6750 |
Trinn 6 | 20-25 | 625 | 7500 |
90% av kundar vil ikkje vere over trinn 3.
Energileddet blir bestemt av kor mykje straum du brukar totalt (antall kilowattimar), og når du brukar straumen. Du betalar mindre per kilowattime om natta enn om dagen.
Energiledd | Ekskl. avgifter | Inkl. avgifter | |
Energiledd dag jan.-mars | 30 | 50,2 | øre/kWh |
Energiledd dag | 30 | 58,55 | øre/kWh |
Energiledd natt (kl.22-06) jan.-mars | 22 | 40,20 | øre/kWh |
Energiledd natt (kl.22-06) | 22 | 48,55 | øre/kWh |
Energiledd innmating * | -5% | -5% |
* Gjeld berre plusskundar.
Offentlege avgifter
Forbruksavgift januar - mars | 9,16 | øre/kWh |
Forbruksavgift april - desember | 15,84 | øre/kWh |
Avgift Enova | 1 | øre/kWh |
Meirverdiavgift (mva) | 25 | % |