Velkomen til Lysna!

Lysna AS er nettselskapet til Fusa kraftlag SA.

Lysna sitt nettområde finn du i gamle Fusa kommune, frå Holmefjord i nord til Lukksund i sør. Lysna AS eig, driftar og vedlikeheld straumnettet. Kontoret vårt ligg i Eikelandsosen.

Straumnettet omfattar både høgspentlinjer som overfører straumen, og lågspenningsnett som fordelar straumen til kvar kunde.

Fusa Kraftlag SA vart etablert i 1946 og har sidan den gang sørga for distribusjon av straum til private og verksemder i Fusabygdene.

Mi side

Som nettkunde hos oss gjer vi deg full oversikt over alt du treng å veta om ditt forbruk og dine betalingar. På mi side har du tilgang til:

Originale fakturaer frå Lysna

Ferske målverdiar

Informasjon om målepunktet ditt

Solceller og plusskunde

Interessa for å produsera sin eigen straum er stadig aukande. Dersom du har planar om å tilknytta eit solcelleanlegg eller anna form for straumproduksjon, så kan du bli det me kalla ein plusskunde.

Ønskjer du privat veglys?

Ønskjer du å lysna opp området rundt heimen din? Då kan privat veglys vera løysinga for deg. Med privat veglys kan du skapa ein tryggare og meir triveleg atmosfære rundt heimen din, samtidig som du bidreg til å gjera nabolaget ditt meir opplyst og sikkert for alle.

Nyheiter frå Lysna

Ofte stilte spørsmål

Kvifor betaler eg nettleige?

Fordi du er knytta til kraftnettet, og tek ut kraft. Nettleiga dekker kostnaden vi har for å overføra kraften til deg som kunde.

Kvifor er fastbeløpet så høgt?

Fastbeløpet skal dekke våre faste kostnader, dvs kostnader som påløper uavhengig av om det tas ut kraft eller ikkje.

Nettleiga er høgare enn kraftprisen, det må vera noko galt?

Nettleige og kraftpris fastsettes stort sett uavhengig av kvarandre, dvs våre tapskostnader påvirkes av kraftprisen, og på den måten påvirkes nettleiga til en viss grad. Ramma for nettleige fastsettes av NVE, medan kraftpris er markedsbasert, kor tilbud og etterspørsel er avgjørande. Dette skulle bety at nettleige varierer i liten grad, medan kraftprisen som kjent kan variere med fleire hundre prosent. Av den grunn vil kraftprisen variere så mykje at den både er lågare og høgere enn nettleiga.