Noregspris – ei ny ordning for meir føreseielege straumprisar
Noregspris er ei ny statleg støtteordning som gjer deg ein stabil straumpris på 50 øre/kWh. Ordninga blir innført 1.oktober 2025, men enno er ikkje alle detaljane på plass. Me kjem tilbake med meir informasjon når alt er klart.
I mellomtida oppmodar me deg til å halde deg oppdatert gjennom dei offisielle kanalane:
-
På nettsidene til Regjeringa og Reguleringsmyndigheita for Energi (RME) finn du gode forklaringar på kva Noregspris er, og korleis ordninga skal fungere.
-
Elhub har òg samla nyttig informasjon – og det er der bestillingsløysinga blir tilgjengeleg når den opnar.